Arkivtenesta har ansvar for å:
- registrere og journalføre all inngåande post, elektronisk og på papir.
- opprette nye arkivsaker i samband med journalføring.
- kvalitetsikre at sakshandsamar si registrering er korrekt.
- kontrollere forfallslister og sende restanselister 4 gonger i året.
- avslutte saker.
- kvalitetssikre arkiv og journaldatabasen gjennom kontroll av alle registreringer, samt fysisk arkiv.
- betjene utlån frå arkiv.
- ekspedere innsynskrav
- journalføre eigenproduserte dokument.
- frankere utgåande post.
Sakshandsamar har ansvar for å:
- Levere personleg adressert post, papirdokument eller e-post, til sentralarkiv for journalføring.
- Ha oversikt over kva saker som er til handsaming ved hjelp av sak-/arkivsystemet Elements.
- Kontrollere at korrekt offentleghetsvurdering er gjort.
- All dokumentproduksjon skal skje i Elements eller i eit fagsystem.
- Avskrive inngående og interne dokument som er handsama.
- Ekspedere utgåande brev via SvarUt.
- Sett status F på arkivsaker når dei er ferdighandsama.
Leiar har ansvar for å:
- gjennomgå og fordele saker/post til rett sakshandsamar.
- gjennomføre offentleghetsvurdering.
- sjå til at restanselister vert følgd opp.
- bidra til at krava til dokumentasjon av sakshandsaming vert ivareteken.
Laster...