Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Organisering av arkivtenesta

 

   

 

Arkivtenesta i Fitjar kommune er organisert med eit felles postmottak og sentralarkiv for alle einingar i kommunen, dette er lokalisert på rådhuset.

Arkivdelene saksarkiv, personalarkiv og gards- og bruksnr. arkiv i sak- arkivsystemet ePhorte er pr. 01.01.16 fullelektroniske. Øvrige arkivdeler er kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemidlar i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldande regelverk.

Med tida vert meir av sakshandsaming og arkiva i Fitjar kommune fullelektroniske. Då vert dei elektronisk produserte og lagra dokumenta, dei originale og gyldige versjonar.

Arkivskaparar i Fitjar kommune

Følgjande arkivskaparar skal bygge opp og halde ved like arkivserier i kommunen;

  • Sentralarkiv
  • Sakarkiv for heile kommunen
  • Gnr/bnr arkiv
  • Personalmapper
  • Møtebøker
  • Kopibøker
  • Offentleg journal
  • Klientarkiv spesialundervisning
  • Pleie og omsorg
  • Helsestasjonen
  • Kommunelege II
  • Heimetenestene
  • Fitjar bu- og behandlingssenter
  • Havnahuset
  • NAV sosial
  • Rimbareid barne- og ungdomsskule
  • Øvrebygda skule
  • Sælevik skule
  • Fitjarstølane barnehage

Alle arkivskaparar skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

 
 

 

Laster...